Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Strikker  for  premature

Strikker for premature

Elinor Bolme Sundag 16. oktober 2011

Strikkekaffeen som jamnleg møtes i Sanitetshuset på laurdagar har engasjert seg i strikking for fortidlegfødte barn. Dei har kasta seg med på «Amandaprosjektet». Dette er eit prosjekt starta av eit foreldrepar som hadde ei lita dotter som levde så og seie heile sitt liv på nyfødt/barne intensiven på Rikshospitalet. Her produserer dei bittesmå sokkar, luer og tepper, som er planlagt å leverast på nyfødtavdelinga ved St. Olav i Trondheim. Dei engasjerte damene presiserer at det slettes ikkje er nødvendig å møte opp i sanitetshuset. Ein kan delta i prosjektet uavhengig fra kvar ein er. Tanken var å kunne levere ei ladning til jul.

Primus motor fro prosjektet erAstrid Roaldset,  Solvor Lindset Øyen og Jorunn Ness. Er det nokon som treng garn (det må vera babyull), så har Solvor fått tak i gratis garn frå Husfliden i Surnadal. Solvor er også behjelpeleg med oppskrifter.

For å lese meir om prosjektet gå hit. Her finn du og nokre oppskrifter.

Publisert: 16. oktober 2011, 12:10