Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 10. mai 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 11. mai frå kl. 13.00 – 16.00. Alle er velkomne!

Ansvarlege for strikkekaffien i Sanitetsforeninga er Arndis og Helen, og dei fortel at det blir både kaffeservering og utlodding. Ta gjerne med handarbeid, men du er også velkomen utan strikking eller hekling mm. Det er viktig å treffast og få prate om stort og smått, og sjølvsagt kan ein få gode handarbeidstips.

Yr  varslar regn heile dagen – altså ser det ut til å bli ein fin dag for inneaktivitet! 

VEL MØTT!

Publisert: 10. mai 2019, 09:02