Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Strikkekaffe i dag, basar i morgon

Strikkekaffe i dag, basar i morgon

Elinor Bolme Laurdag 1. oktober 2011

I helga er det full fres i Todalen Sanitetshus. I dag er det strikkekaffe (Fredrikkekaffe) mellom 14-17, medan det søndag er basar mellom 14-18. Slik det ser ut no, kan det bli eit rekordstort basarbord.  Så langt er det kome inn i underkant av 50 gevinstar, berre frå Surnadalsområdet. Her kan nemnast bøker, blomster,bagar, pyntegjenstandar og ulike gåvekort. Då blandt anna eit litt spesielt eit frå Trollheimslab for å sjekke vasskvaliteten på drikkevatnet i ein privat husstand.

Det vil bli mulegheit for kjøp av førehandsnummer på Ica Todalen heile dagen i dag.

Sanitetsdamene serverer både salatar, rundstykkjer og skuffkaker gratis til alle som tek turen til basaren søndag.

Først publisert: 1. oktober 2011, 07:00 - Sist oppdatert: 30. september 2011, 18:40