Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Streiftog  rundt  bygda

Streiftog rundt bygda

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. februar 2011

Med sol frå skyfri himmel var det ypperleg utgangpunkt for eit streiftog rundt bygda for å sjå på folkelivet. Det var kaldt, med variasjonar mellom  8-9  ned til 16-17 kuldegrader. Kuldegrader i flest antal var det i Brusetmarka, med nær 17 kuldegrader. Men sola hjelpte på, og det var no i sola det var størst aktivitet blant folk.

Det var fleire som prøva skiene, og dei skrytte av skiføret og løypene som var kjørt opp rundt bygda. Sparkføret var nokon lunde rundt bygda, men utover mot Standa var det ikkje så bra, for der held det på og blir bart. Men alle lovprisa det fine været og sola som vi nok ikkje har sett så mykje til tidlegare i år.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå turen rundt bygda, og møte med folket vi trefte.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. februar 2011, 19:10