Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fortsatt straumlaust på Kårvatn

Elinor Bolme Sundag 2. januar 2011

I ein stor time i går kveld var deler av Todalen utan straum. Her var begge sidene av bygda råka, og måtte ta i bruk siste rest av julelys. Men  også i løpet av natta hadde han vore borte, og i den anledning er dei på Kårvatn framleis utan straum.  Svorka har vore på plass heile dagen for å prøve å finna feilen, utan hell. Dei har difor ordna med agregat slik at familien Kårvatn ikkje er heilt utan hjelpemidler.

I følge Svorka sine nettsider har dei ingen kjente driftsmeldingar dei siste 48 timane, så der er det ikkje noko info å henta.

Publisert: 2. januar 2011, 10:31