Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stranda  blir  rydda

Stranda blir rydda

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. september 2009
Rasteplassen uti stranda. Foto Kristen Bruset

Det er no gått mange år sia PT-utvalget rydda skogen unna rasteplassen uti stranda. No er det atter behov for å rydde unna krattskogen. PT-utvalget har gjort ei henvending til Surnadal kommune  for å få midlar til dette frå sysselsettingspakken som vart lansert i høve finanskrisa.

No er svaret kome, og det er tildelt midlar til slikt arbeid.  Surnadal kommune har også fått 160 000.  Noko av dette er øremerka til bruk på FV671 inn til Todalen, med tanke på utsiktsrydding.  Dermed er det det berre å smøre seg med litt tolmod, så vil vel utsikten på turen innover stranda bli betre, men først lyt det vel bli ein anbodsrunde.

Publisert: 16. september 2009, 22:20