Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Storveies dugnad

Storveies dugnad

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2012

Todalen.no vart i går kveld borimot for sein då underteikna  tok ein svipptur nedom kyrkjegarden på soknerådet sin dugnad. Soknerådsleiar Ildri Sjøland Øyen var storvegs fornøgd etter kveldens økt. -Her har det verkeleg gått unna i kveld seier ho. Alt rusk og rask etter Dagmar er trilla bort, her har dei raka, kosta og retta støtter. Ho var også veldig fornøgd med oppmøtet denne gongen, då over 30 personar i alle aldra hadde vore med.

 

Under dugnaden vart det også satt opp ein ny informasjonstavle på utsida av inngangsporten. Her vil framtidig informasjon om kyrja sine arrangement bli hengt opp.

Ildri Sjøland Øyen, Signe Marie Grønmyr og kyrkjetenar Settem tek ein pust i bakken før oppryddinga etter dugnaden.

Johan Todalshaug og Jon Bruset finpussar på kyrkjegardsmuren.

Anders Talgø og Reidar Østvik seier seg nøgd med kveldens innsats og tek kveld.

Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 25. april 2012, 07:13