Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stort ras i Romådalen

Stort ras i Romådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. juni 2013

Sist søndag hadde vi eit innsalg om flaumen i Toåa, der vi kommenterte at Romåa var sterkt brunfarga. Omsider har vi fått dokumentasjon på kva som var årska til dette.  Det er gått eit stort jord- og steinras i Romådalen, som har gått heilt ned i Romåa. Raset har skjedd på sørsida av dalen, bortafor Ramsøyset/Pestusetra. Åshild Halle har vært i Romådalen ein tur denne veka, sendt oss bilder frå rasområdet.

Rasaet har starta langt oppe i lia, innafor Slåkjen, og har altså gått heilt ned i Romåa før det har stoppa. Raset har tatt med seg både jord, stein og krattskog på sin tur nedover lia.  Det er ikkje materielle skader på seterbygg, da setrene ligg på andre sida av elva og er altså ikkje berørt.

Det var søndag morgon (9. juni) at folk oppdaga at den flomstore elva var sterkt misfarga. Romåa renn ut i Toåa ved steinutgarden og Romåa sette også skikkeleg brunfarge på Toåa og ut i fjorden.

Det er også gått eit mindre ras lenger inn i Romådalen.   Dette har gått etter eit bekkjefar nedafor Tydalen, og har stoppa før det kom så langt som ned i Romåa.

Publisert: 13. juni 2013, 20:52