Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Storsvert oppmøte, og fisken beit

Elinor Bolme Laurdag 7. juli 2018

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger og fiskeforening til sjøfiskekveld på Nordvik. Og med rundt 35 unge deltakarar må det seiast at det vart rekordoppslutning. Alle mann fekk være med ut for å prøve fiskelykka på fjorden, og nesten alle båtane kom inn att med fangst i bøttene.  Her var både sei, torsk, knurr, sverdfisk av noko slag og ein forvilla blekksprut.

Etter at båtane kom inn vart det grillmat, kaffe og saft til heile gjengen. Det vart naturlegvis premiering til kveldens største fisk, og alle ungane fekk i tillegg deltakarpremier. Til slutt vart det mulegheiter til å vere med Ola Røe å gjere opp fangsten.

Under er eit bildegalleri frå kvelden. Alle foto: ElinorB

Publisert: 7. juli 2018, 09:51