Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011 - Todalen.no

Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Onsdag opna bygg- og boligmessa “Bygg Reis Deg 2011″ på Norges Varemesse på Lillestrøm. Messa er både fagmesse og er opa for publikum, og hit kjem nok dei fleste som driv med byggevarer og innredning for å vise seg fram og for å sjå kva bransjen har å by på.  Talgø satsar stort på denne messa, og vil vise fram Talgøkonsernet i full bredde på ein stand på rundt 300 m2; – ein av dei største utstillingane på heile messa.  Arrangøren ventar at heile 50.000 besøkande vil kome til messa, derav rundt 40.000 fagfolk.

Talgø nyttar også høvet til å presentere fleire nyheiter på messa, og er nok godt synleg ved inngangen til hall D (stand nr 03-40).  Mellom nyheitene er Talgø Vision, som er eit nytt og eksklusivt veggpanel, samt fritt fargevalg på veggpanel dei allereie har i kolleksjonen. Her kjem også fleire nye standardfarger i tillegg til dei som finns i dag.

2012-kolleksjonen for Talgø OutLiving hagekonsept vert også presentert. Dette er mellom anna MøreRoyal-produkt for terrassar og hagar, med tilhørande utstyr som hagemøblar, stakitt og gjerde osv.

Men den største nyheita i Talgø-kolleksjonen er nok dører frå Trenor, som blir vist sammen med Talgø på messe for første gong. Her blir det vist både inner- og ytterdører frå frå Bindalsbruket på Terråk.

Bygg Reis Deg 2011 opna som sagt onsdag 19. oktober, og går fram til søndag 23. oktober. Opningstida er torsdag og fredag 10-19 og laurdag og søndag 10-18.  På heimesida til Bygg Reis deg 2011 finn du meir info om opningstid og adkomst.

Klikk for å finne meir info om Talgø Vision og Talgø OutLiving, eller nettsiden til Talgøkonsernet.

No finn du fleire bilde frå Talgø sin stand på Bygg reis Deg 2011.   Alle foto: Heid Snekvik

Medlemmar

Indre Nordm�re Forsvarsforening
Surnadal Kulturhus
Todalen Bondelag
Trollheimsporten
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Stangvik Historielag
Sparebank1 Midt-Norge
Skogkompaniet
Viastua Gardsprodukt
ICA Todalen
Stangvikfestivalen
Svorka
Todalen Elveeigarlag
Todalen Idrettslag
Norsk Laksefestival
IL S�ya
Driva
Talgø Møbelfabrikk AS
Todalen Småbåtforening
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Todalen Sanitetsforening
Start 4H
Skulstuå i Todalen
Gjensidige Surnadal
Surnadal Sparebank
Nordvik Grendalag
Kombi Regnskap
Kårvatn Fjellutstyr
Todalen Brygge
AMFI Surnadal
Eldremiddagen
Todalshytta
Todalen Historielag
Søya og Todalen Skytterlag
Rossåa Settefiskanlegg
AMFI Kreativ
Surnadal Regnskap AS
Todalen Sokneråd
Surnadal Pensjonistlag
Studio Saksen
Surnadal Kommune

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 18. mai: Arboretet er pinseope
    • Man 20. mai: Sykkeltrim
    • Tor 23. mai: Søppeldag
    • Tor 23. mai: Markering av Verdens aktivitetslag
    • Tor 23. mai: Befaring
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Ons 29. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør