Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Storkonsert i Stangvik kyrkje laurdag

Storkonsert i Stangvik kyrkje laurdag

Bernt Bøe Fredag 20. september 2013

Laurdag 21. september kl. 17 blir Stangvik kyrkje fylt med meir og større velklang enn kanskje nokon gong – nemleg av Luftforsvarets Musikkorps. Med topp solistar på både klaver og orgel framfører dei Griegs populære A-mollkonsert og den mektige Orgelsymfoni av franske Saint-Saëns.

Begge desse vakre og klangfulle verka er arrangerte slik at korpset erstattar fullt symfoniorkester.

Tor Espen Aspaas er solist i Grieg-konserten. Det blir spennande å høre dei vakre og velkjende tonane ikledd korpsfargar.

Camille Saint Saëns «Symfoni i c-moll med orgel» byr på både søt toneromantikk og fargesprakande fyrverkeri. Gjennom korpset hører vi både glitrande klaverløp og fullt orgelbrus (solist Bjørn Kleppe). I den majestetiske sistesatsen vil forresten somme kjenne att tema frå fleire filmar og frå popsongen «If I Had Words» (Fitzgerald/Keeley 1977)!

Solistar, korps og dirigent Leif Arne Tangen Pedersen vil sørge for ein uvanleg klangfull ettermiddag i Stangvik-kyrkja 21. Konserten er eit samarbeid mellom Stangvik sokneråd, Surnadal kommune og KKKK-Festivalen i Kristiansu

Publisert: 20. september 2013, 21:29