Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Storhelg i Svinviks arboret

Storhelg i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. mai 2011

Førstkomande laurdag og søndag blir det storarrangement i Svinviks arboret.  Det er Hageselskapet i Møre og Romsdal står som arrangør, og ved arboretet er vi vertskap for det vi håpar blir ei storhelg for alle hageinteresserte i distriktet og heile fylket, skriv Dordi Kjersti Mogstad i ein e-post til Todalen.no.

Det blir foredrag, mykje spennande plantesalg både frå arboretet sitt eige utsal, samt 3 ulike tilreisande og mulegheiter for hagevandring både i arboretet og i fleire privathagar i området. Svinviks arboret kafe stiller med servering av god kaffe, kaker og lunsj til både langveisfarande og kortreiste gjestar.

Alt program foregår innafor opninstida til arboretet, kl. 12-17 begge dagar. Hovudbasen for arrangementet er Svinviks arboret, medan foredraga er lagt til Nordvik grendehus.

Først publisert: 18. mai 2011, 18:00 - Sist oppdatert: 17. mai 2011, 20:03