Storhelg for store og små - Todalen.no

Storhelg for store og små

I helga har 30 jenter og gutar tilhøyrande G12 og J12 Søya/Todalen vore på Romsdalscup i Malmefjorden for å representere “klubben i sitt hjerte”. Dei starta turen tidleg laurdags morgon med 2 minibussar, ei campingvogn, ein bobil og fleire privatbilar for å rekke første kampen halv 12. På stadion vart det rigga til eigen base som dei oppheld seg heile dagen, med kort veg til dei ulike banane som kampane vart spela på.

Gutane stilte med to lag, og møtte både litt betre lag og jamnbyrdes lag. Dei spela tilsaman 7 kampar, der 4 endte med tap og 3 uavgjort. Jentene klarte seg resultatmessig betre med 1 tap og 2 sigrar. Til gutane sin fordel kan ein vel kanskje nemne at dei ikkje er riktig så vant med knuffing i såpass stor skala som nokre av motstandarane praktiserte. Likevel klarte dei å halde humøret oppe til siste kamp, så vidt.

Tilsammen var gjengen over 60 i talet, då fleire av foreldre og søsken tok turen utover utan overnatting slik som dei andre gjorde. Og allerede etter første spela kamp gjorde dommaren og sekreteriatet anmerkning på dommarkortet til Søya/Todals-klanen. Klubben med sitt støtteapparat, spelararog  publikum fekk utdelt Fair Play utmerkelse for positive haldningar både på banen og på sidelinja. Premien var ein signert fotball av Ole Gunnar Solskjær.

Då alle kampar var unnagjort, bars det på Skaret der i overkant av 50 stk overnatta. Her fekk dei servert tacobuffet som gjorde at piffen sakte men sikker kom på plass igjen, slik at dei fleste heldt det gåande til langt over midnatt. Søndag derimot var fotballfri dag. Men sidan ungane hadde vore så dyktige med loddsalget i forkant av helga fekk dei boltre seg 3 timar på Moldebadet før heile reisefølget tok Peppes Pizza med storm. Her gjekk det unna med 20 pizza på 20 minutt på dei 45 personane som då var att i reisefølget.

Under er eit bildegalleri frå ei helg med med mange gode minner og nye venner å ta vare på.  Alle foto Elinor Bolme.

Medlemmar

Søya og Todalen Skytterlag
Trollheimsporten
Svorka
Norsk Laksefestival
Todalen Sokneråd
Todalen Bondelag
Nordvik Grendalag
Stangvikfestivalen
Todalen Sanitetsforening
Surnadal Regnskap AS
Indre Nordm�re Forsvarsforening
Start 4H
Studio Saksen
Todalen Brygge
Todalen Båtforening
Talgø Møbelfabrikk AS
Gjensidige Surnadal
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalen Idrettslag
Todalen Historielag
Viastua Gardsprodukt
Driva
Todalen Elveeigarlag
Todalshytta
Kårvatn Fjellutstyr
Rossåa Settefiskanlegg
Stangvik Historielag
IL S�ya
ICA Todalen
Surnadal Sparebank
Surnadal Kommune
Surnadal Kulturhus
Sparebank1 Midt-Norge
Skulstuå i Todalen
Norsk Vandrefestival
Eldremiddagen
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
Kombi Regnskap
AMFI Surnadal
Surnadal Pensjonistlag
Skogkompaniet
AMFI Kreativ

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 19. juni: Søppeldag
    • Tor 20. juni: Ope bibliotek
    • Søn 23. juni: St. Hansfeiring
    • Ons 26. juni: Søppeldag
    • Lør 29. juni: Todalsdagen 2013
    • Søn 30. juni: Sykkeltrim
    • Ons 3. juli: Søppeldag
    • Ons 3. juli: Langope i arboretet
    • Søn 7. juli: Sykkeltrim
    • Ons 10. juli: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør