Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Store tap – sauehaldet  i Todalen mot slutten?

Store tap – sauehaldet i Todalen mot slutten?

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. september 2013

Når du mister nærare 1/4 av besetninga på beite er det dramatisk!  Det er Ola G. Kvendset som seier dette til Todalen.no. Ola tok over drifta av heimgarden Viastua fra 1. juli i år, og opplever at 17 av dei 83 spelsauene som vart sendte på sommarbeite i Kvennsetdalen/Lauvåfjellområdet blir borte. Han hadde lenge håp om å finne att fleire, men må nok innsjå at håpet svinner. I så fall er det over 20 % av besetninga som er borte. Dei fleste tapa er nok knytta til rovdyr, for vi finn ikkje kadaver. Det er nok eit sikkert tegn på at jerven har herja i saueflokken, seier han. I Viastua var det liknande tak i fjor, og Ola seier at slik går det ikkje an å fortsette.

Hos Kåre Øyen på Brubakken er det enno verrre. Her mangla 35 dyr i flokken av spelsau som kom ned frå beite i Snøfjellet/Bjøråskaret i haust. Tilsammen 4 sauer og 31 lam. Her vart det for eit par veker sia funne eit nydrept lam midt i turistlinja som går gjennom Snøfjellet i retning Bjøråskaret. Det var ein turist på veg frå Innerdalen til Todalen som fann lammet. Det er veldig vondt å miste så mange dyr på denne måten, seier kona Åse. Ein ting er det økonomiske tapet, men ho tykkjer lidelsane til dyra er verre. Åse har sin viktigaste jobb med sauehaldet under lamminga. Da er ho «jordmor» og tek vanlegvis mot dei fleste lamma som kjem til verda på vårparten. No går Åse og Kåre inn i sin siste sesong med sauehald, og til neste haust blir det slutt. Det kjem til å bli eit sakn, sier Kåre når han står midt i sauskokken og deler ut litt kraftfor til dyra.

I dag er det 5 sauebestningar att i Todalen og Nordvik. Dei som har bega best er nok i Oppistua på Hjellnes. Dei har i dag sauer av gammlnorsk rase, og sendte 101 dyr til fjells, som alle kom att i god behald. Bjørn Kvendset som driv Sagtrøa og Trøin sendte 196 dyr av dalasaurasen til fjellbeite i området rundt Kjerringa. Han opplever tap på 10 dyr i år, noko som utgjer i overkant av 5 %. På Nordvik sendte Oddvar Mikkelsen 76 dyr til fjells. Han opplever i år det minste tapet på ei årrekkje. Han mangla 15 dyr heilt til i går, og skulle i helga ta ei ettersamling. Men fikk i går ei gledelig melding frå Hege Røe som hadde vært på trimtur og sett ein liten saueskokk. Disse trefte oddavar på Nordviksetra laurdag føremiddag – og dei var på tur heim til Nordvik.

Publisert: 28. september 2013, 20:10