Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stordag i barnehagen

Elinor Bolme Torsdag 18. september 2014

Tysdag hadde barnehagen besøk av NAF og politi. Dei hadde fokus på sikring av barn i bil, bruk av bilbelte og bruk av refleks når ein ferdast ute. Det er viktig å få inn gode vanar tidleg, og det var eit lydhørt publikum dei snakka til. Politiet oppfordra barna til å passe på at foreldra og dei sjølve sit sikra med belte før kjøreturen startar. Barna fekk utdelt refleskbrikke og refleksvest.

image

Høgdepunktet var å få sjå og prøvesitte den nye politibilen. Takk til Einar Grønnes frå NAF og dei to politi-damene som tok seg tid til å besøke oss, skriv styrar Jorunn Nordvik i ein epost til redaksjonen.

Publisert: 18. september 2014, 21:09