Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor utfartsdag på isen

Stor utfartsdag på isen

Elinor Bolme Sundag 20. januar 2013

Som antyda i går, vart det mykje folk som tok turen ut på sjøisen i dag. På det aller meste var det rekna vel 80 stykker mellom 13 og 14 i dag. Her var folk i alle aldrar, med både spark, skøyter og nokon til fots. Både todalingar, surndalingar og kvennalendingar benytta anledninga til ein oppplevelse i dagens fine vinterver med sol og rundt -5 grader. Somme var også ute etter å få seg ein fisk eller to. Og stort sett alle som fiska rundt om såg ut til at dei fikk noko på kroken, med varierande størrelse vel og merke.

Under er nokre bilder frå folket rundt om på Todalsfjorden i dag, søndag 20. januar. Alle foto ElinorB

Publisert: 20. januar 2013, 21:07