Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor trafikk på Todalen.no

Stor trafikk på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Sundag 30. desember 2012

Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj.  Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag.  Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen er godt nøgd med.

Det ser forresten ut for at det er i ferd med å bli ein juletradisjon at vi mistar telefonkontaktem i romjula. Ekstra sårbart er det nok på grunn av at både fasttelefonen, Telenor mobil og Netcom kjører all sin trafikk på den same linja frå Strengen og inn til Todalen. Når den linja fell ut, er det bare IP-telefoni via breibandet som er på lufta, så lenge vi har strøm og breibandtilgang. I jula 2011 var vi utan telefon i 6 dagar, men denne gongen vart det berre 2 døgn. 

Det var prisverdig at Surnadal kommune plasserte ein satelitt-telfon i Todalen desse to døgna, men det var nok til lite hjelp for dei som har tryggleiksalarm kopla til telefonnettet. Skal vi betre beredskapssituasjonen lyt det nok atablerast ei reserveløysing, der det blir ei alternativ linje inn til bygda.

Publisert: 30. desember 2012, 18:58