Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor oppslutning om juletorget på Skei

Jon Olav Ørsal Måndag 30. november 2015

Det var stor oppslutning både frå utstillarar og publikum da det vart arrangert juletorg med julegrantenning på Skei søndag ettermiddag. Tove Merete Schei i Kreativt Forum ønska seg litt snødryss til julegrantenninga – det fikk ho ikkje. Det var det einaste som ikkje klaffa!

heilt ubeskriveleg var kommentaren til Tove Merete Schei i Kreativt Forum. Her saman med Marianne Rognskog i salsbua for kaffe og bakels, medan Synnøve og Ylva Gjeldnes er kundar.  Foto. Jon Olav Ørsal

Ta her er storarta – heilt ubeskriveleg! – Det var orda til Tove Merete Schei i Kreativt Forum, da torgdagen på Skei stod på sitt høgaste søndag ettermiddag. Det var over førti utstillarar, med utstillingar og salgsboder både ute på torgplassen og i 3 etasjar på kulturhuset. Det strøyma på med folk utover dagen og utstillarane opplevde eit eventyrleg sal – spesielt dei som bydde fram mat av ymse slag gikk faktisk tom for enkelte varer ganske tidleg. Det var eit stort mangfald i vareutvalet som vart bydd fram på torgdagen, og det var det nok mellom kundane også.  Etter kvart vart det både store og fulle bæreposar blant folk som bevega seg rundt på torgplassen og mellom dei mange utstillingane som var innomhus i kulturhuset. Det blir nok mange julegåver som kjem frå juletorget i år, og utan tvil vart det nok både salsrekord og besøksrekord, for det var til tider mykje folk både ute og inne. Borna fikk også forlyste seg i kinosalen denne dagen, der det vart køyrt julefilmar heile dagen.

Torgdag_korpsmusikk_4944

Surnadal hornmusikk sørga for musikk til gongen rundt juletreet på torgplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Surnadal hornmusikk inviterte på minikonsert  i Galleriet, der vi fekk smaksprøvar på deira julerepertoar og starta med ”Bjelleklang”. Dei hadde for høvet med seg to songsolistar – Halvor Drøpping og Toril Moe. På Juletorget kunne du treffe naboen eller andre kjente for å slå av ein prat eller ta ein kaffepause og nyte bakels og graut, eller nystekte sveler for den saks skuld – og berre slappe av og nyte adventsstunda. Dersom du ville gå eit skritt lenger, var det berre å gå opp troppa og prøve hotellets familiejulebord.  – Det er vel dette som ein kan kalle for ei levande bygd.

Tente julegrana
Tenning av julegrana var og ein av aktivitetane denne dagen, og presis kl 16 vart lyset sett på, og Surnadal hornmusikk  stemte i med julsongar til gangen rundt juletreet. Dei minste hadde nok venta lenge på at dette skulle skje og sette stor pris på å få kome i gang.
Etter kvart kom også julenissane med julegåver i sekken.  Mange var nok litt skeptiske på julenissen, men etter kvart våga dei seg frampå for å få ei lita helsing frå nissen, som sikkert kom frå Knykjen.

Bildegalleri frå Juletorget og julegrantenninga på Skei søndag ettermiddag.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. november 2015, 00:01