Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor innsats og mange mål

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. september 2017

Onsdag kveld møttest G 10 Todalen/Søya og Bøfjorden/Bøverfjord til fotballkamp på Bordholmen. Det var stor innsats og gode prestasjonar frå båe laga, dei unge fotballspelarane var ivrige og flinke. Sjølv om dette var ein G 10-kamp, så stilte båe laga med blandingslag, men gutane var i fleirtal. Kjekt at jenter og gutar kan spele på same lag.

Vi ønskjer dei unge fotballspelarane lykke til vidare!

G 10 frå Bøfjorden/Bæverfjord. Fremst: Asbjørn og Birk. Bak: Elisabeth, Håkon LP, Brage og Fredrik. Attast frå venstre: Kristian, Henrik Blekken, Jakob, Håkon B og Arnstein. Foto: Dordi J H

G 10 Todalen/Søya. Fremst frå venstre: Lars, Finn Isak, Heine, Mia, Natalie. Bak: Kenneth Bergstad, Anders, Hallvard, Tor Asbjørn, Håkon, Orion og Ida. Foto: Dordi J H

Open kiosk med graut og bakels er populært, kjekt å ta ettermiddagskaffen her.

Blide karar i kiosken. Anders Ansnes Karlsen og Knut Bergli. Foto: Dordi J H

Det var ikkje så mange som såg på kampen i dag, men ein bestefar hadde reist ekstra langt. Det var Stanislav Tabor, han bur i Tsjekkia og no er han på besøk hos familien i Bæverfjorden. Han syntest det var stor stas å få vere på fotballkamp og heie på barnebarnet! Det er ikkje så ofte det skjer.

Heiagjeng frå Søya og Bæverfjord. Frå venstre: Marit Hyldbakk, Øyvind Magnor Bøe, Stanislav Tabor og Eliska Bøe. Foto: Dordi J H

 

Fleire bilete frå kampen mellom Todalen/Søya og Bøfjorden/Bæverfjord:

G 10-kamp på Bordholmen. Dommar var Olav Arne Nes. Foto: Dordi J H

Sakkyndig publikum! Frå venstre: Kristian, Hans, Trygve og Lars. Foto: Dordi J H

Først publisert: 6. september 2017, 21:30 - Sist oppdatert: 7. september 2017, 20:07