Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor innsats for UNICEF

Dordi Jorunn Halle Mandag 2. oktober 2017

 

I kø for å få «rundekort» og bli registrert. Foto: Dordi J H

Kløverturdamer og besteforeldre er klare for innsats. Foto: Dordi J H

 

Måndag 2. oktober arrangerte Todalen skule «Skoleløp for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Her var det stor innsats og full fart med deltakarar frå 2 år til 96 år! Det er til å bli imponert av!

Deltakarane var først og fremst skuleelevane og barnehageungane, men både besteforeldre og ikkje minst Kløverturdamene stilte mannsterke. Det var utruleg kjekt å møtast på tvers av generasjonar og samstundes gjere ein innsats for eit godt formål, nemleg støtte til utdanning for barn som lever i krigs- og konfliktområde. Det er mange som lever i frykt og treng hjelp; det er store kontrastar frå fredelege Todalen til mellom anna Syria og Sør-Sudan. 

Stor innsats og fart, men Sivert sakka på farten slik at fotografen fekk eit bilete. Foto: Dordi J H

Liten pause. Frå venstre: Eivor, Maren, Trym, Fredrik og Sivert. Foto: Dordi J H

 Løypa gjekk frå skuleporten rundt Gammelskulen, innover skuleplassen til ballveggen, over haugen og til porten der rundar vart noterte. Elevane var dei som sprang flest rundar, fortast og lengst – innsatsen var på topp! Fleire sprang mest utan stopp bortimot ein time. Mange «sponsorar» vart nok overraska da dei fekk heim skjemaet med talet på rundar. Men både barnehageungane, Kløverturgåarane og besteforeldra fekk opp farten og gjekk fleire rundar samstundes som dei tok pausar og heia på dei som sprang.

Blide trimmarar: Frå venstre: Natalie Astrid, Maren og Jenny. Foto: Dordi J H

Klare for nok ein runde. Frå venstre: Håkon, Edvard, Jorunn og Natasha. Foto: Dordi J H

Endeleg tok elevane seg tid til saft og bakels. Foto: Dordi J H

Etter løpet var det saft, kaffe og bakels – det gjekk ned på høgkant og var vel fortent!

Og sjølvsagt var det utdeling av diplom med takk for innsatsen frå UNICEF og Todalen skule og til minne om eit kjekt arrangement.

Fint med samarbeid mellom Todalen oppvekstsenter og Todalen sanitetsforening – trur alle hadde glede av dette i dag.

Fleire bilete frå ein triveleg dag:

Jenny og Grete kosar seg med kaffe og bakels etter god innsats! Foto: Dordi JH

Triveleg med skuleløp! Anders hjelper Marit med å telje rundar. Bak: Siri, Edvard, Ådne, Anita og Emil. Foto: Dordi J H

Kjekt med trim i godt selskap. Fremst: Arndis, Sigrun, Marit og Eli. Foto: Dordi J H

Diplom til alle i dag! Fremst Nicole og Martine. Jenny, Grete og Karen Johanne sit på benken. Bak: Arndis, Kari, Jorunn, Åse og Marit. Foto: Dordi J H

Imponerande fart, innsats og god kondis! Foto: Dordi J H

Først publisert: 2. oktober 2017, 22:09 - Sist oppdatert: 3. oktober 2017, 21:49