Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor handledag på Matkroken L.Hals – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2019

I dag vart den lokale handledagen markert på Matkroken Todalen og på rundt 400 andre nærbutikkar rundt omkring i landet.  Det vi først og fremst har sett i fokus er kor viktig nærbutikken er i mange bygder, og ikkje minst i Todalen der vi er i overkant av 300 innbyggarar, seier Terje Nordvik som er drivar av Matkroken Todalen.  På Matkroken Todalen var det i dag gratis servering av kaffe og nystekte bakels med graut – og det sette folk skikkeleg pris på. Todalen sanitetsforening sørga for serveringa. 

Alle som var innom butikken i dag vart traktert med kaffe og bakels med graut. Her er det handelsmann Nordvik som sørger for påfyll i kaoppen i Kaffekroken. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var mange som tok turen innom for å gjøre helgehandelen her, og det var til tider kø i kassa utover formiddagen.  I kaffekroken var det også mykje folk, og mange som tok seg tid til å kose seg med ein kaffekopp med nystekte bakels til – og ikkje minst tok folk seg tid til ein sosial prat der dei mellom anna kunne treffe naboen over kaffekoppen. 

No er det berre viktig å følge opp vidare, slik at vi sørger for halde liv i nærbutikken som ein del av lokalmiljøet. Det er like viktig i Todalen som det er i Bøfjorden der det lokale Samvirkelaget er den andre butikken her i kommunen som er med i Merkurprogrammet som støttar lokale sistebutikkar. 

PER ØRSAL VART VINNAR! Rett antal bitar med drops og sjokolade i glaset var 166! Per Ørsal som bur i Molde kom nærast som tippa 168. Gåvekort og dropsglas er klart til henting på Matkroken Todalen!

Anders Todalshaug blir traktert med kaffe og bakels av Karen Johanne Talgø frå Todalen sanitetsforening. Foto: Jon Olav Ørsal

Matkroken Todalen er med i det nasjonale Merkurprogrammet som hjelper utkantbutikkar rundt om kring i hele Norges land. Rundt 400 butikkar er med på dette på landsbasis. Foto: Jon Olav Ørsal

Kristian Gjeldnes fyller drivstoff på HalsOils anlegg – For nokre år sia vart det ved hjelp av midlar frå Merkus og Surnadal kommune investert i nytt drivstoffanlegg ved butikken på Kvennset. Foto: Jon Olav Ørsal

God stemning på Kaffekroken hos Matkroken i Todalen. Det er et møtepokt som er veldig viktig for den sosiale trivselen i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. oktober 2019, 14:26