Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stor dag for mange små

Stor dag for mange små

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. august 2012

Første skuldag er nok ein skikkelg milepæl for mange 6-åringar denne veka. Ved Todalen og Sytangvik Oppvekstsenter er det i år fleire førsteklassinga enn det har vore på lange tider. I år er dei nemleg 10 i talet, og det har nok si forklaring i at elevane frå Stangvik Oppvekstsenter skal ha sin skulegang i Todalen i vinter, medan Stangvik Oppvekssenter blir casino gaming bygd om og renovert. På første skuledag var det sjølvsagt stor stas og fotografering av førsteklassingane.

På biletet er alle førsteklassingane samla saman med kontaktlæraren sin, Britt Mossing, og frå venstre ser vi: Synne, Ida, Ingeborg, Synnøve, Johan, Edel Therese, Van Adrian, Knut Tore, Anders og Falk Johan.  På Todalen og Stangvik oppvekstsenter er det i år til saman 76 elevar. 10 elevar i 1., 9 elevar i 2., 5 elevar i 3., 13  elevar i 4., 8 elevar i 5., 15 elevar i 6. og 16 elevar i 7.klassen. Vi i Todalen.no ønskjer lykke til!

Først publisert: 21. august 2012, 16:04 - Sist oppdatert: 19. juni 2013, 20:04