Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

StikkUT- Marte mottok prisen som «Årets æresvandrar»

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. august 2019

Det var Marte Melbø som mottok prisen som årets æresvandrar på vegne av friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal.  Marte er StikkUT-ansvarleg i friluftsrådet og mottok prisen på vegne av friluftrådet i Nordmøre og Romsdal og kommunane som deltek i arbeidet med StikkUT.  Veldig overraskande, men kjekt å få ei slik tilbakemelding på arbeidet som vi gjør for å engasjere folk i StikkUT-prosjektet. 

Marte var snar til å gå inn på telefonen for å dokumentere responsen frå deltakarane i StikkUT-prosjektet, og konstaterte at statistikken i dag viste ca. 347.000 StikkUT-turer hittil denne sesongen og at heile 21705 unike deltakarar har besøkt trimpostane og registrert seg elektronisk. I tillegg er det nok mange som berre har skrevet seg inn i boka.  Dette er eit imponerande resultat som det både står stor respekt av og her er det nok også snakk om ein betydeleg helserespons med all denne aktiviteten.  Vi stiller oss i rekkja av gratulantar!

Øyvind Hassel Weiset stod fram som ein ærleg og dyktig musiker, og skaffa seg nok mange nye fans i kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

På festivalprogrammet denne festivalkvelden stod to konsertar frå den nyrigga scena i arboretets hage. Først ute var Øyvind Hassel Weiseth som klarte å begeistre sitt publikum og sikkert skaffet seg mange nye fans denne kvelden.  Han pludra og fortalte laust og fast om sin musikk og musikkarriere vann nok mange nye venner med sin ærlige framtreden.  

Frode Alnæs og Sondre Meisfjord er nok for veteraner å rekne på scena – og dei skuffa ikkje i kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Veteranane Frode Alnæs og Sondre Meisfjord fekk imidlertid æra av å runde av programmet for årets vandrefestival. Med godt humør og flott musikk fikk dei med seg publikum, som standhaftig trossa floingen som gjorde det den kunne for å øydelegge konserten med dei to frå Kristiansund eller Møstavågen for å være meir presis. 

Neste år er Vandrefestivalen på plass ved Igltjønna ved Rindal sentrum – men det går fort eit år. Vel blåst for årets vandrefestival!

Bildeglimt frå kveldsprogrammet på laurdag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. august 2019, 22:00 - Sist oppdatert: 18. august 2019, 07:33