Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stikk UT! – Storhaugrunden er no ferdig skilta og klar for trim!

Dordi Jorunn Halle Torsdag 30. april 2015

For andre året på rad er Surnadal kommune med StikkUt-prosjektet til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. 2015 er «Friluftlivets år» og fokus er å framheve den positive effekten friluftsliv har på folkehelsa. Nytt StikkUT-mål her i Todalen er Storhaugen.

IMG_4691

Parkering på Todalshytta. Foto: Dordi Jorunn Halle

No er Storhaugrunden ferdig merka, og StikkUt-trimboka med registreringskode er på plass oppå Storhaugen. Storhaugrunden er på 5,3 km. Det er parkering på Todalshytta. Derifrå går turen over Brennmyra, så etter skogsveg forbi Haugligardane og oppå lunningsplassen. Der tek ein til venstre og går opp Kleivråstien mot Storhaugen, fin og mjuk skogsti! Oppå Storhaugen, 320 moh, kan ein skrive namnet sitt både i boka til trimgruppa til Todalen idrettslag og i StikkUt-boka. Flott utsikt og fin kveldssol!

IMG_4528

Oppe på toppen. Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_4650

Utsikten er upåklageleg! Foto: Dordi Jorunn Halle

Frå Storhaugen kan ein ta same vegen ned att, eller følgje skilting til Brusetnesset. Der er det bratt dei første metrane, etter det er nedstiginga grei med fine utsiktspunkt. Frå Brusetnesset går ruta først etter allmannvegen, før stien tek av ned mot Toåa. Trimruta passerer Fillipbrua, i Fosstrøinn er det gapahuk, bord og bålplass. Så er det berre å følgje elva til Bruset og opp til Todalshytta.

I Surnadal kommune er det no 12 StikkUT-turar. Turane er graderte etter vanskegrad:
Grøn tur: Rullestol og barnevogn.
Blå tur: Lett. Alle kan gjennomføre turen
Raud tur: Krevande. For den erfrane turgåar.
Svart tur: Ekspert. For erfarne fjellfolk.

I området vårt er Svinvikrunden grøn tur, Storhaugrunden og Strengen er merka med blått, og Ytter Sulå er raudmerka.
For den som ønsker det, kan ein registrere turane sine på www.stikkut.no. Sjå i brosjyra frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, den skal alle ha fått i postkassa n.o. StikkUt-året startar 1.mai og varer ut oktober.
Som ei markering for den nye StikkUt-turen melder Trimgruppa at det 10.mai blir fellestur for å gå Storhaugrunden. Turstart kl. 14.00. Denne dagen blir det oppstart ved vedahuset på Haugligardane. Pølsegrilling, saft og kaffe ved gapahuken i Fosstrøinn. Alle er velkomne til å delta!

God trimsesong!

Storhaugrunden er flott trimtur, og du får opplever mykje natur og ikkje minst mykje utsikt på vegen. Nokre smaksprøvar i bildegalleriet nedafor!  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

 

 

Publisert: 30. april 2015, 22:00