Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stigruppa på Nordvik i rute

Stigruppa på Nordvik i rute

Elinor Bolme Torsdag 11. juli 2013

Nordvik Grendalag er no godt i gang med prosjektet stimerking som vi ved tidlegare anledning har skreve om. Dei har no fått merka fleire stiar i nærområdet. Frå Norunn Holten ved kulturavdelinga hos Surnadal kommune har vi fått tilsendt både bilde og litt informasjon på dette.

Det er ei eiga turgruppe oppnemnt av Nordvik grendelag som har hatt det praktiske arbeidet med merking av dei mange stiane på Nordvik. Med i gruppa er Sverre Kjølstad, Jan Nordvik, Anna Ingeborg Nordvik og Råg Mikkelsen. Turgruppa har nettopp mottatt ein haug med skilt som skal hjelpe ivrige turgåarar på rett veg, og dei er derfor no i ferd med å merke og skilte ei rekkje stiar av ulik lengd og vanskegrad for både vandring, ski og sykling. Stien opp til Åsbøsnytå er allereie merka, og arbeidet med å merka stien opp til Nordviksulå og nokre kortare stiar i lia ovanfor Norvikgardane har også begynt. Målet er at det meste av skilta skal vera på plass til Vandrefestivalen startar først på august.

Du kan finne nærare beskriving av turane til Snytå og Sulå på www.morotur.no

Stimerkingsprosjektet på Nordvik er del av eit større satsingsprosjekt på friluftsliv i Surnadal kommune. Det er nemleg betydelege summar med kommunale kroner å hente for lag og organisasjonar som vil registrere, merke og skilte ulike typar turar. Dette gjeld ikkje berre idrettslag, men også andre interesserte organisasjonar som til dømes grende- og historielag.

Her er litt nyttig informasjon frå Surnadal kommune om det er nokre lag og organisasjonar som har lyst til å bere stimerkinga i sitt nærområde: Pengar å få til stimerking.

Under er også eit bildegalleri frå litt av merkinga som er gjort på Nordvik. Foto: Surnadal kommune

Publisert: 11. juli 2013, 08:31