Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stigande formkurve i Todalen Bodybyggjarlag

Elinor Bolme Måndag 1. oktober 2018

Todalen bodybyggjarlag har så smått byrja å røre på seg etter ein aktiv sykkelsommar. Dei har no trekt innomhus, og Hett & Svett var i kveld godt oppfylt av ivrige karar som slo eit slag for trening og trivsel. For det skal seiast, dei er veldig trivselsfokuserte. Treninga blir nesten som ein bonus å regne. I alle fall denne kvelden, for då feira dei oppstart av ny sesong med kaffe og blautkake i første pause!

Terje Nordvik er litt, kanskje mest, primus motor. Han var storveies imponert over oppmøtet, for dei var beæra med to spreke turnarar frå Nøtterøy i første økt. 

Sunniva Renault og Belinda Todalshaug benytta seg av treningsfasilitetane på Hett & Svett i haustferien. Dei var litt over snittet spreke, og kunne fortelje at dei faktisk dreiv med turn til vanleg.

Lars Kvendset og Terje Nordvik med litt lettare øvelsar.

Medan Torkjel A Moe kanskje tok på i overkant mykje vekt etter som det var første oppstartskveld.Knut er litt meir moderat med kiloa.

Karane hadde og fått med seg Fitsum Tekkab som i sommar kom flyttande frå Rindal til Todalen. Han jobbar til dagleg på Talgø, og kunne fortelje at han trivdes godt både på jobb og på fritida i Todalen.

Sunniva og Belinda hadde nok mest kontroll på treningsbiten denne gongen, men karane oppfordra fleire til å bli med neste mandag klokka 18.30.

Da blir det mindre kos, og meir trening. Trudde dei.

Publisert: 1. oktober 2018, 22:41