Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stiftinga  Gammelskulen  lokalhistorisk-  og  fleirkulturelt  senter

Stiftinga Gammelskulen lokalhistorisk- og fleirkulturelt senter

Jon Olav Ørsal Onsdag 13. oktober 2010

Ei prosjektgruppe som arbeider med planer for å bevare Gammelskulen og utvikle den til eit lokalhistorisk og fleirkulturelt senter, ynskjer å invitere alle som er interesserte til å ta del i prosjektet som tek sikte på å:
· Ta vare på og vise den rike bygdekulturen vi har
· Ta vare på og vise det fleirkulturelle mangfaldet vi har i kommunen

Ved å danne ei stifting med eit styre på 5 medlemmar, kan det søkjast om midlar frå kommune, fylke, stat og andre organer. Det gjer det mogleg å søkje om midlar til ulike prosjekt. Den verneverdige skulebygninga frå byrjinga av 1860-åra, må ha ei omfattande istandsetting som kan gå over fleire år.

Prosjektgruppa må gje eit svar til Surnadal kommune innan måndag 18.oktober 2010.
Er du interessert, ta kontakt med prosjektgruppa innan laurdag 16.oktober 2010 for meir informasjon:
Alf Ramsøy tlf 414 93 797 / 71 66 1914
Olav Kvendset tlf 986 22 861 / 71 66 38 98
Sjur Fedje tlf 905 89 071
Ragna Kvendset tlf 48 000 144

Frå Bernt Bøe har vi fått eit lesarbrev om Gammelskulen. Last ned lesarbrevet her.

Først publisert: 13. oktober 2010, 05:30 - Sist oppdatert: 13. desember 2011, 13:03