Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sterkt todalsinnslag i siste Hoem-boka

Steinar Hasselø Laurdag 16. januar 2021

«Felemakaren» til Edvard Hoem var gift med Gunnhild frå Jostua. No har historia om dei både kome i nytt opplag og blir omsett til dansk.

Lars Olsen Hoem er også litt kjent frå tidlegare Hoem-bøker, og spesielt frå «Heimlandet Barndom» (1985), der han kort går gjennom alt det eventyrlege Lars opplevde – i krig, fangenskap og som felemakar i Kristiansund for to hundre år sia.

Og der traff han altså Gunnhild frå Todalen som han gifta seg med. Dei busette seg på Nordlandet og siste halvdelen av «Felemakaren» skildrar livet til dei to og døtrene deira.

Heimen til familien står der enno, da det er laga ein knekk i vegen ved huset i Omagata 12 A. For dei som vil ta huset i augesyn, er det kanskje lurast å ta det på heimtur frå Kristiansund sentrum. Sving i tilfelle av til høgre i rundkøyringa etter Nordsundbrua og køyr sørsida av Nordlandet.

Omagata 12 A. Foto: Steinar Hasselø

Men nok trafikkinfo; tilbake til Todalen:

Gunnhild Johnsdotter Husby kom frå Jostua og var den tredje i ein barneflokk på åtte. Fleire av søskena er også nemnt i boka, mellom dei den eldre systera Magnhild og broren Tore som også busette seg i Smedvika på Nordlandet.

Mora, Gjøa Steinarsdotter Husby, var gift med John Toreson Åsprong. Han kom frå ein av dei to Åsprong-gardane, som ligg så fint til nedmed strandkanten rett etter at du har svinga bort frå Ålvundfjorden og køyrer innover mot Meisingset. Mor til John igjen kom frå Drøppingan og om ein leitar eit par ledd attover, vil ei grein truleg skrive seg frå Hjellnes.

John og Gjøa bygsla Jostua frå 1785 og kjøpte garden i 1798 av biskop Ole Irgens. Dei vart med det dei første sjølveigarane på garden.

Det var ingen «stor butikk» for familien å tene til livsopphald med berre å lage feler, så boka skildrar også korleis dei måtte spe på inntekta, både som onnakar og klippfiskkjerring. Og kvardagen til klippfiskkjerringane er vel verdt å få eit nærare innsyn i, sia klippfiskproduksjonen var «alfa-og-omega» i eit sterkt klassedelt Kristiansund på 1800-talet.

Lars Olsen Hoem blir gammalonkel til Serianna og dei andre søskena som Edvard Hoem skriv om i «utvandringshistoria» som startar med «Slåttekar i himmelen».

Sjølv om Lars laga fem hundre feler, veit ein om kring tredve i dag. Dei fleste har gått tapt grunna uhell, nyreligiøse vekkingar («djevelens instrument») og brannar.

Sia det var så sterkt spelemannsmiljø i Todalen, skulle ein tru nokre av dei hamna dit. Og etter kva Anders Gjendem skriv i boka til Leif Halse om «Spelemenn på Nordmøre» (1973), eigde Jon Ansnes ei slik fele ein gong. Men den gjekk ut av bygda.

Så om nokon finn ei fele merka med «Lars Hoem instrumentmager i Christiansund», eig dei eit klenodium. For å ikkje snakke om ein Hoem-gitar; av dei finst det visstnok ikkje nokon att!

Det ein veit er at Hallvard Ørsal spelte på ei Hoem-fele under ein kappleik i Molde i 1903 – og vann. Otrøyingen som kom på andreplassen meinte nok Ørsal hadde stor hjelp av fela og meldte at «ha i hatt fela åt todalingen, så skull i ha reist om de så va tel Rom!»

Den høge statusen til Hoem-felene er også kjent etter han som kollsegla på Frænfjorden. Og da redningsmannskapet kom fossroande til, høyrde dei berre at mannen som låg der og kava rope: «Berg Hoem-fela, berg Hoem-fela!».

«Felemakaren» er så langt kome ut i to opplag på samla 46.500 bøker, og eit dansk forlag har kjøpt rettane for å gi ut boka der.

Leif Halse si bok «Spelemenn på Nordmøre» (1973) ligg ute tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, og Anders Gjendem sin artikkel i denne om Lars Hoem finn du her:

«Felemakaren» Lars Olsen Hoem

Publisert: 16. januar 2021, 16:17