Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sterke…..

Sterke…..

Elinor Bolme Onsdag 28. september 2011

…prestasjonar i fleng, er eit dekkjande ordspel etter ein stor time med underhaldning av årets 10. klassingar i Storstuå på Surnadal kulturhus. Fullsatt sal på andre kvelden fekk sjå kva dei 106 elevane i 10. trinnet ved Surnadal Ungdomsskule hadde forberedt og øva inn i forbindelse med det årlege storprosjektet som har vore oppsett. Årets tittel er «Back to the 80’s», og set nokon av oss tilbake til opplevd glanstid med mange minneverdige augeblikk.

Også i år var todalsungdommar med på oppsetninga, og dei gjorde alle ei strålande forestilling i lag med sine medelevar.

Kristine Svinvik var gitarist i bandet, som bestod av mesta berre 10. klassingar.

Inga Husby deltok både med song og dans.

Medan Brage Hauglann Talgø var ein av dei som svinga seg i dansen.

Så er du så heldig å ha billett til morgondagens forestilling, er det berre å byrje å gle seg!

Først publisert: 28. september 2011, 21:52 - Sist oppdatert: 30. september 2011, 18:36