Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stemningsrapport frå Holmenkollen

Stemningsrapport frå Holmenkollen

Sondre Halset Sundag 6. mars 2011

Eit forrykande Ski-VM i Oslo er avslutta, og eg var så heldig at eg fikk overværa ein av dei mest spektakulære øvingane under VM, herrestafetten 4 x 10 km fredag 4. mars. Som ein av hovudsponsorane av herrelandslaget i langrenn, var BDO, min arbeidsgjevar, ein sjølvklar publikumsdeltakar. Ein gjeng på nesten 30 skiglade folk frå BDO i Trondheim var alle utstyrt i raude Swix dunjakkar, lik dei Det norske skiforbundet har, for visast det skulle vi (men vi fann raskt ut at vi faktisk ikkje var dei einaste i slike raude jakkar…).

Vi var spente på veret då det hadde vore relativt mykje skodde dei siste dagane, der til og med publikum nærast ikkje hadde sett nokon ting, sjølv på stadion. Veret var likevel på det beste denne dagen, og vi kunne stort sett sjå heile Holmenkollen frå våre plassar på tribuna. Det var venta mykje folk denne dagen (som det hadde vore gjennom heile VM), så turen frå Oslo sentrum og opp til Holmenkollen starta allereie kl 9 på morgonen, sjølv om stafetten ikkje starta før fire timar seinare. Litt lang tid å vente, men er ein først i Holmenkollen på eit slikt arrangement, flyg utruleg fort då det var ein folkefest utan like.

Vi var spente på stafettlaget som Noreg skulle stilla med, då det hadde vore usikre meldingar om helsa til Petter Northug, samt om det var ein skiskyttar som kanskje skulle gå tredje etappen. Startskotet gjekk og Martin Johnsrud Sundby var den av dei norske som starta frå det norske laget. Han fekk det tøft, og måtte overlata stafettpinnen til Eldar Rønning over 20 sekund etter leiinga. Eldar gikk ein knalletappe og henta inn forspranget, og gjorde det heile utruleg spanande. Tord Asle Gjerdalen tok over tredje etappen, og gjekk eit fullgodt løp, og kunne dermed senda Petter Northug ut på siste etappen berre 11 sekunder bak. Siste etappe vart nest som eit barneskirenn for Petter Northug, og det var ingen tvil omkven som var sterkast opp Hellner-bakken… Fleire av stafettlaga var med i teten inn til stadion, men som alltid er Petter sterk i spurtoppgjør, og avgjorde det heile 300 m før mållinja, på Nortugflata.

Holmenkollen hadde koka av ekstase heile stafetten, og det vart ikkje mindre jubel av at Noreg tok gullet. Med sigeren i handa kom og sola, og det vart ein fin blomsterseremoni oppe i Holmenkollen. Etter stafetten fekk vi og med oss kombinert (lag)stafett, der Noreg sikra ein bronsemedalje. Seinare på kvelden overværa vi og medaljeseremonien på Universitetsplassen nede i sentrum, og det var eit forrykande folkehav som hadde møtt opp for å hylle dei norske gullgutane. Det var anslått å være nærare 100 000 tilstades på premieutdelinga. Heilt sist på kvelden hadde alle i BDO samla seg på ein uteplass i byen, og der dukka og Eldar Rønning opp etter kvart for å takka sine velvillige sponsorar. Vi nytta då anledninga til å gratulere han personleg.

Bildegalleri frå Holmenkollen  – Alle bilde: Sondre Halset

Publisert: 6. mars 2011, 22:20