Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stemningsfull songstund i kyrkja

Stemningsfull songstund i kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 16. desember 2012

Du måtte vera standhaftig dersom julesteminga ikkje skulle siga innpå deg da Todalskoret og Åsskard kyrkjekor inviterte oss til å være med og synge jula inn. Det var eit stort femtital med tilhøyrarar i kyrkja denne førjulssøndagen, men det kunne godt vært fleire. For dette var korsong og musikk av beste slag, og ros til primus motor Bernt Bøe som har trekt i trådane og fått til desse konsertane. For etter konserten i Todalen reiste dei til Åsskard kyrkje for å kjøre same programmet der. I tillegg var det konsert med litt anna program og litt anna mannskap i Stangvik kyrkje i går kveld med «Tonar julenatt».

I tillegg til Todalskoret og Åsskard kyrkjekor med sin dirigent Bernt Bøe, deltok også strykarane BareBarokkBandet, samt Marte Belsvik Stavrum på fløyte og Tor Strand på orgelkrakken. Både Sigrid Vetleseter Bøe og Øystein Moe hadde fleire solonummer gjennom programmet, og sjølvssagt var det allsong denne dagen.

Programmet starta med «I ein stall» med felleskoret, og vidare fekk vi høre både solosong, korsong og instrumental i ein fin miks som fall godt i smak hos publikum. Vi fekk også smakebitar av Händels «Messias» med Sigrig V. Bøe og orkesteret.  Felleskoret hadde også ei fin framføring av julekantaten «I den søte juletid». Dette har nærast vorte tradisjon, og vart utruleg bra framført under dagens konsert. Det er altså ein kantate over juleevangeliet, som kora har framført i fleire år no.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra konserten i Todalen kyrkje søndag 16. desember.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. desember 2012, 20:38