Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stemningsfull julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 30. november 2020

Sjølv med strenge reglar for å hindre koronavirusets spreiing, vart det ei flott og stemningsfull julegrantenning.  Eit førtital møtte opp for å delta på julegrantenninga, sjølv om arrangementet var noko amputert og uten gang rundt juletreet.  Likevel trur eg folk trivdes og tykte det var koseleg og treffast for å feire ting i lag. 

Stemningsfullt bilde frå julegrantenninga – og samtidig kikar månen fram over Talgønebba. Foto: Alexander B. Talgø.

Folk har rett og slett behov for for sosial kontakt, og eg trur folk har vorte vant til å være litt forsiktige, slik at dei unngår å kome i for nær kontakt med kvarandere. Steinar, Torill og Anita var som vanleg arrangementskomitee og serverte gløgg og tilbehør i forsvarleg og koronatilpassa stil, og dermed føres tradisjonen med julegrantenning vidare i beste stil.  Nedafor finn du nokre bilder frå julegrantenninga i Brusetmarka.  

Det var både store og småe på julegrantenning. Foto: Jon Olav Ørsal

Lokale kjendisar frå Brusetmarka. 🙂 Foto: Jon Olav Ørsal

Steinar var fyrbøtar og sørga for varme til ein og kvar. Foto: Jon Olav Ørsal

Toril og Anita sørga for gløgg til Aldona, Ted og Jaquline. Foto: Jon Olav Ørsal

Emil og Mathias tykte det var stas med julegrantenning. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. november 2020, 19:54