Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Steinras i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Torsdag 4. mai 2017

I går vart det oppdaga steinras i Svinvikrunden. Store steinar har losna i eit overheng i berget og ramla ned i stien. Derfor er stien stengt eit parti, og det er skilta ei alternativ turrute.

Den alternative turruta går frå Gammelvegen oppover skogsvegen til Hjellnesgardane og nedatt Hjellnesvegen til Kammen. Foto: Dordi J H

Startpunktet for Stikk UT!-turen er framleis på parkeringsplassen i Svinvika. Eit stykke oppe i Gammelvegen er det no skilta alternativ trimrute oppover skogsvegen til Hjellnes. Trimturen blir litt lengre og med nokre fleire motbakkar, men det blir og fleire fine utkikspunkt og enno betre trim. Når ein kjem ned på Kammen og møter den vanlege ruta, må ein ta ein liten avstikkar – berre nokre få meter – tilbake for å finne trimposten og boka med kode. Deretter er det berre å gå den vanlege ruta nedover til sjøen og Svinvika.

Nede på Kammen må ein gå ein kort avstikkar tilbake for å finne kassen med trimboka og kode. Foto: Dordi J H

Stikk UT!-ansvarleg i Surnadal kommune, Norunn Holten, seier at det er uvisst kor lenge stien blir stengt, men ho håpar å få hjelp til å vurdere situasjonen i løpet av helga.

Nye skilt er sette opp. Foto: Dordi J H

Store steinar i Gammelvegen. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 4. mai 2017, 23:18