Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangtur i nydeleg ver

Dordi Jorunn Halle Fredag 3. juli 2015

Torsdag 2.juli hadde stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag siste turen sin før sommarferien. Stavgangarane møttest på Kårvatn og vandra inn til Myrvang der dei hadde hovedkvarter. Mange slo seg ned på det idylliske tunet på Myrvang i finveret, men dei fleste tok turen inn til Nauståfossen – han var mektig i varmen!

Retteleg god servering, det var rikeleg både med graut og bakels. Foto: D.J.H

IMG_5654

Stavgangarane kosa seg påMyrvang. Frå venstre: Gullborg Kvande, Gunnhild Mogstad, Tor Mogstad, Ingrid Lysberg, Helene Røv, Elen Todal Øyen, Ellen Marie Monstad. Foto:D.J.H.

 

Da alle var samla på Myrvang att, vart det kaffeservering med bakels og graut, både smørgraut og mølsgraut. Alt smaka fortreffeleg! Pensjonistane kosa seg i finveret og praten gjekk lett. Martinus Torvik og Vidar Sogge takka Liv Larsen og Jon Myrvang for at stavgangarane vart gjestfritt mottekne på Myrvang i år, og!

IMG_5665

Liv får takk for gjestfri mottaking på Myrvang. Frå venstre: Vidar Sogge, Martinus Torvik, Liv Larsen. Foto: D.J.H.

 

Høgdepunktet for mange denne gongen var musikk ved Torgeir Leivdal og sønene Hallvard og Aslak. Aslak  er 14 år og spelar fele, medan broren Hallvard er 13 år og trakterer trekkspelet.Torgeir sjølv spela både på vanleg fele og på ei hardingfele som Hallvard Ørsal i si tid hadde brukt,og Hallvard Ørsal har nok vore til stor inspirasjon for Leivdal.  Torgeir og sønene spela nydeleg og  med god takt, så det var mang ein stavgangar som trampa takten der dei sat! Etter kvart vart det dans på vollen, både vals, reinlender og polsdans! Det vart mange Hallvardslåttar – stemningsfull stund på Myrvang!

IMG_5672

Det vart skikkeleg god stemning på Myrvang da folkemusikken tona ut over tunet. Storspelmannen Hallvard Ørsal budde her så det er rette plassen for både musikk og dans! Frå venstre Torgeir Leivdal, Hallvard Henden Leivdal og Aslak Henden Leivdal. Foto: D.J.H.

IMG_5684

Ein svingom vart det og, her dansar Olina Halle og Vidar Sogge polsdans. Foto:D.J.H.

IMG_5693 (1)

Etter kvart kom fleire med i dansen! Foto: D.J.H.

 

Etter dagens tur er det no stavgangpause fram til 6.august, da går turen til Sjøasetervatnet. I vårsesongen har stavganggruppa i år hatt 11 turar, og i følge terminlista blir det ti turar til hausten. Dette er åttande året med stavgang. Initiativatakar i si tid var Martinus Torvik som gjennom pensjonistlaget søkte på midlar fylkesmannen delte ut  for å få til aktivitet for «inaktive eldre».  Fylkesmannen bevilga 7500 kroner, stavar vart kjøpte inn og dermed var dei i gang!

IMG_5659

Kaffekos. Frå venstre: Bjørg Heggset, Liv Heggset, Margrete Røe, Anne Dalsegg, Oddbjørg Einmo, Jorunn Ness. Foto:D.J.H.

 

Dette er eit flott tiltak, da deltakarane er både sosialt og fysisk aktive – båe delar er godt for helsa! Nye interesserte er hjarteleg velkomne til å bli med på turane til stavganggruppa! Det er ikkje krav om å vere medlem i pensjonistlaget.

IMG_5643

Stavgang er fin trim! Fremst her ser vi Bjørg Bruset og Brit Nordvik. Foto:D.J.H.

 

Publisert: 3. juli 2015, 00:38