Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang  under  Vandrefestivalen

Stavgang under Vandrefestivalen

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2012

Til helga går Norsk Vandrefestival av stabelen. Festivalen har i år basecamp ved Tjønna i Rindal, men dei har arrangement både i Surnadal- og Halsa kommunar i tillegg til Rindal. Dei har eit rikhalding program der du finn litt for ein kvar smak, frå fredag 3. til søndag 5. august. Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag deltek også i programmet, da dei er inviterte til Igletjønna komande laurdag.

I ei pressemelding skriv Martinus Torvik  ei påminning om arrangementet: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag minner om at gruppa – av Norsk Vandrefestival – er inviterte til Igltjønna i Rindal førstkomande laurdag (4. august). Programmet for dagen er omtala i den fyldige brosjyra som Vandrefestivalen har delt ut til alle husstandane. Vanleg turutstyr. Den einskilde må sjølv ordna med transport. Vel møtt!»

Den 18. august blir det tur til Vangshaugen. Returen går innom Rennebumartnaden. Orientering blir gjeve den 4. august.»

Publisert: 30. juli 2012, 11:47