Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til toppen av Svinviksrunden

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. juni 2017

Svinviksrunden har alt hatt besøk av over 650 StikkUt-sprekingar hittil i år. Torsdag vart det 28 nye navn i boka, da Surnadal pensjonistlags stavganggruppe la torsdagsturen hit til Svinvika.  Med start og mål på parkeringsplassen, kunne den enkelte gå så langt dei ønska.  Går du heile runden er turen på rundt 4,3 km etter veg – ein del etter gammelvegen i Kleiva, og elles går den etter Hjellnesvegen ned til Snøya og vidare ned til Nausta og vidare forbi Vika og tilbake til parkeringsplassen ved arboretet.

Bitten ranes orienterte om neste tur som går til Kvenndalen. Det skjer neste torsdag til same tid kl 11. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det besøk i Svinsviks arboret, der kafeterian var arena for kaffepause for heile gjengen. Dei blide damene i arboretet – 3 i talet – sørga for både kaffe, og eplekake med is til den som ville ha.  Berre eplekaka er i seg sjølv verdt eit besøk!

Bitten Ranes avslørte seg også som ein framifrå konditor, da ho trylla fram ei velsmakande skuffekake som vart delt ut til deltakarane til kaffen.  På turen var det litt kald vind, men vêrgudane sørga for at vêret var nokon lunde bra under kaffepausen – til og med solgløtt fikk vi oppleve.

Neste tur går til Kvenndalen. Neste torsdag er det som vanleg oppmøte kl 11, og da er oppmøtestaden på Kvennbøen.

Bildeglimt frå Svinviksrunden og frå arboretet.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. juni 2017, 16:17