Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Storfossen og «Markagardan»

Vidar Sogge Fredag 13. juni 2014

Torsdag 12. juni møttest Stavganggruppa ved Gammelfabrikken i Todalen, der  vi vart ønskte velkomne av Jon Olav Ørsal før vi la i veg opp Gammelvegen opp Falla, med Bjørg og Per Bruset som vegvisarar. Snart kom vi inn på Dalavegen, og følgde denne til vi kom opp til Talgø gard, der vi snudde og sette snuten nedover att.

gammelfabrikken_murbygg_2169

Talgø utstillingssenter ligg ved Storfossen i Brusetmarka og er ansikt utad for alle Talgøbedriftene. Foto: Jon Olav Ørsal

Nede på Gammelfabrikken vart vi invitert inn på kaffe og ein presentasjon av den 115 år lange Talgø-historia, frå den spede start oppunder Storfossen til det store Talgøkonsernet vi har i dag. Til slutt fekk vi sjå oss rundt på Gamelfabrikken, og eg må tilstå at alle vart mektig imponerte både over det flotte restaureringsarbeidet og møbelutstillingane – og ikkje minst uteområdet, som var kjempeflott!  Ein stor takk til Talgø for den interessante dagen vi fikk på Gammelfabrikken!

Neste veke køyrer til Øygarden øvst i Bæverdalen, og turen går i retning Grytbakksetra med Olav Jostein Holten som guide. Bompengar! Fotty. Fjellsko eller støvlar.

Bilder frå Stavgangturen ved Storfossen og frå gammelfabrikken.  Foto: Vidar Sogge og Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 13. juni 2014, 16:00