Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Øygarden i Bæverdalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Torsdag var det Øygarden i Bæverdalen som var turmål for Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag. Derifrå var det lagt opp til stavgangtur i retning Grytbakksetra, der det var høve til å henge på så lenge ein ønska. Olav Jostein Holten var kjentmann og guide på turen.

Olav Jostein Holten var guide og kjentmann på turen som gikk i retning Grytbakksetra. Foto: Sigrun Ørsal

Olav Jostein hadde mange gode og fornøyelege historier å fortelje om området og korleis livet på Øygarden var i gamle dagar.  Sigrun Ørsal hadde med seg kamera på turen, og har sikra seg mange fine bilder frå området som ho gjerne deler med lesarane.

Bildegalleri frå Øygarden om området omkring.  Alle foto: Sigrun Ørsal

Publisert: 16. juni 2016, 21:00