Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang på frigjeringsdagen.

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. mai 2014

Den 8. mai, på sjølvaste frigjeringsdagen, drog Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Buret på P-øra i Bøfjorden, ein svært fin og intim serveringsstad med heilt spesiell atmosfære, og han ligg tett ved brua som går over til Bølandet i Bøfjorden. 34 deltakarar møtte, der om lag halvparten la turen innover langs nordsida av Åsskardfjorden med Olav Egil Ansnes som turleiar, medan resten gjekk over brua til Bølandet med Edna og Harry Skrøvset som guidar. Over alt vart vi møtte av vaiande flagg på kvite flaggstenger.

Etter endt tur returnerte vi til P-øra og fann oss ein god plass ute i sola, der vi fekk servert karbonade og kaffe eller te. Eit hyggeleg vertskap, Ragnhild Ansnes og Liv Berit Ansnes Brusethaug, og god mat gav oss ein flott avslutning på turen.

Bildegalleri frå turen til Buret og Bøfjorden.  Alle foto: Vidar Sogge

 

 

 

Publisert: 10. mai 2014, 08:57