Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang: – Ein fin tur til Hamnessetra.

Vidar Sogge Laurdag 31. mai 2014

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag køyrde torsdag 30. mai til Hamnes og gjekk derifrå innover langs Hamnesfjorden. Om lag halvparten nådde heilt opp på Hamnessetra.

Etter turen fekk alle koma inn og eta nista si i det oppvarma, flotte fjøset som Torstein Hamnes hadde gjort om til eit koseleg selskapslokale med god plass til oss alle. Stor takk til dei på Hamnes for at vi fekk koma inn i det ombygde fjøset.

Komande torsdag kl. 13.00 møtest stavganggruppa ved brannstasjonen i Røtet. Vi er inviterte av Jon Nordvik, som vil fortelja oss om det som skjer på Syltørane. Jon spanderer kaffe etter vi har gjort runden. høveleg fotty for turen er joggesko.

Sjå bileta frå turen til Hamnessetra i bildegalleriet nedafor.   Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 31. mai 2014, 20:17