Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang: – Denne gongen til Nestua Torvik

Stavgang: – Denne gongen til Nestua Torvik

Vidar Sogge Fredag 11. oktober 2013

Torsdag den 10. oktober besøkte Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag Randi Lysø i Nestua Torvik. Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik. Da vi kom ned, bad Randi alle 26 deltakarane inn i den store og fine stova si på graut og bakels. – Flott gjort, Randi!

Korleis var det å koma seg til skulen på Årnes før det vart bygd veg hit, ville folk vita? Det gjekk i grunnen greitt, kunne ho fortelja. Dei gjekk på skule annakvar veke, og onkelen hennar, Ola Mikkelsen, frakta dei til Årnes med ein motorbåt han nyleg hadde kjøpt. På dei 7 åra ho gjekk på skule, var det berre èin gong vêret var så ruskut at ho ikkje kom seg heim.Sjølvsagt hende det at vêret var stridt, og at bårene slo over overbygget på båten. Da måtte dei største gutane halda hardt i tauet til dei tre lukene, så ikkje sjøen skulle slå inn i ”lugaren”. Men redd var ho ikkje! Ikkje medan ho var lita og for ”dum” til å verta redd. Seinare, da ho fekk meir vit, var ho nok redd av og til når båten stampa i den grove sjøen og bårene slo over ”styrhuset” der han vogga på det verste frå side til side.

Etter maten vart det samling til eit gruppebilde ute, før den som ville kunne gå ned i hagen og forsyna seg med gode, raude eple. Vi vil takke Randi så mykje for den fine velkomsten vi fekk; kjempegodt med bakels og graut og gode eple frå hagen! Fredag neste veke møtst vi kl. 13.00 ved Vang Skisenter i Røgrenda. Dette blir årets siste turarrangement. Etter marsjen blir det også her servert graut og bakels. Hugs at denne gongen samlast vi på fredag!

Bilder frå turen til Torvika og Nestua hos Randi Lysø i galleriet nedafor.  Alle foto: Vidar Sogge

Publisert: 11. oktober 2013, 17:37