Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stas med bæssmorbesøk…

Elinor Bolme Sundag 6. juli 2014

I gårkveld skulle Erika, Ane og Emil ankomme Hjerkinn  – og da fann vi (Jorid, Marte, Marit Ingeborg og eg) det høveleg å ta ein tur dit og «besøkje» dei. Dagsetappen i går, laurdag den 5. juli, gjekk frå Grimsdalshytta, via Hagesæter og til Hjerkinn Fjellstue, der dei skulle overnatte. Vi tok inn på Hjerkinnhus, på vandrehjemmet der, og låg der til i dag, søndag.

059

Vi hadde med oss litt «heimbaka», og ikkje minst ein store pose med «smågodt», som vart svert godt motteke – lenge sia eg har sett nokon vorte så glad for ein godteripose!! Det kan vel bli litt ensformig med maten på så lang ein tur, sekkane blir nok tunge nok uten slik «luksus»!

Eg hadde nok ein liten plan med dette – tenkte at eg kanskje kunne få følge dei på dagens etappe, frå Hjerkinn til Kongsvoll – og det var heilt ok! Vi hadde ein kjempefin og triveleg tur over «fjellet», sjølv om været ikkje vart det beste, litt småregn og auståvind (den hadde vi stort sett i ryggen), men det var mildt og heilt ok turver. På denne strekninga er det utruleg fin flora, så det vart nok litt oppfrisking av blomsternamn undervegs…

039

På Kongsvoll møtte Jorid og jentene oss, Erika, Ane og Emil skal ligge der i natt – og dei gledde seg til «å ta knekken» på resten av «godteriet» i kveld!

Etterkvart som ungdomane har nett på turen oppdaterer dei bloggen sin Norge på tvers 2014

Publisert: 6. juli 2014, 21:17