Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar på igjen på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. mai 2014

Det står enno att ein del arbeid før TILs lysløypeanlegg på Tjønnmyra kan kan sluttførast. Den meste av den 1620 meter lange lysløypetraseen vart bygd vinteren 2012-2013, og fortsette hausten 2013. No er det klart for montering av rundt 25 pålar for lysarmaturane og finpuss av traseen og området omkring. Tysdag kveld var anleggskomiteen samla for å planlegge det vidare arbeidet.

Det skal mellom anna graves 17-1800 meter med kabelgrøft og etter at lyspålane er komne på plass skal det monterast armaturar. Etter plana blir det dugnadsarbeid for å få på plass pålane rundt omkring i traseen. Det meste av gravearbeidet vil skje med gravemaskin, og er ein del av entreprisen til Per E. Gjeldnes Maskin som har utført alt maskinarbeidet på lysløypa.

Litt finpuss av av løypetraseen står att, i tillegg til montering av lysanlegg.  Foto: Jon Olav Ørsal

Lysløypeanlegget er kostnadsrekna til ein knapp million, og er finasiert gjennom tippemidlar og ein del dugnadsinnsats frå Todalen I.L. Det er plana at anlegget skal stå ferdig til ferien, og være klart til å tas i bruk til vinteren. Tjønnmyra ligg på ca 160 m.o.h. og vil nok være vesentleg meir snøfast enn den gamle lysløypa i Ørsalbukta, seier ledar i anleggskomiteen Nils Ove Bruset.

Publisert: 21. mai 2014, 07:25