Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar på att med trim…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. januar 2014

Trimmarane startar på igjen denne veka. Tysdagar er det barneleik og gubbetrim, medan dametrimmen fortsett sin aktivitet på torsdagar som før. Det skjer i gymsalen på Todalen oppvekstsenter i regi av Todalen idrettslag. Sjølvsagt er det gratis å delta.

Tysdagar: Barneleiken er delt i to klassar, opp til 3. klasse kl 18-19, og 4. – 8. klasse (og eldre) kl 19-20. Gubbetrimmen startar frå kl 20 og utover.
På torsdag er det dametrim frå kl 20 og utover, og dei startar på igjen 9. januar.

Hett og svett tilbyr både styrketrening og kondisjonstrening.  Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Elles minner Todalen idrettslag om at treningssentret «Hett & Svett» i det gamle  postkontoret på Kvennsetøran som eit ypperleg trimaltenativ med styrkeapparat, tredemølle og andre treningsapparat til disposisjon. Bruken av «Hett & Svett» er også gratis for medlemar i Todalen Idrettslag.

Ellers er det mykje ledig kapasitet for den som vil trene/trimme ute, men ta på deg refleksvest slik at trafikkantane kan sjå deg når du er på vegen!

Publisert: 6. januar 2014, 20:13