Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar oppfylling av tomt til nytt plukklager for trelast

Jon Olav Ørsal Tysdag 8. august 2017

Allereie første dag etter ferien starta oppfyllinga av tomtearealet ved Talgø MøreTre på Syltøran. Her skal det fylles opp med steinmasse på eit areal på rundt 15 mål, der det skal bli tomt for eit nytt plukklager for materialar på MøreTre. – Dette er ein del av den nye storsatsinga, der Talgø MøreTre skal satse 120 mill. over ein 3-årsperiode.

Prosjektleiar Inge Skogheim fortel at det må fyllast over ein meter – eller 30-40 cm meir enn kva som var planlagt først.  Dermed må det rundt rekna 1000 lass med bil og hengar eller semitrailere til for å fylle opp det store tomteområdet som ligg like ved dagens lasteområde. 

Steinen skal hentast i Øvre Surnadal i samband med bygging av anleggsveg opp til den nye trafostasjonen ved Harrang. Det er entreprenør Syltern som har dette prosjektet, og som dermed er leverandør av stein til byggeprosjektet på Syltøran. Det blir stor anleggstrafikk utover hausten. Skogheim seier at denne trafikken vil pågå over såpass lang tid, at det knappast blir merkbar trafikkauke på vegane i Surnadal.

Publisert: 8. august 2017, 08:26