Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar med balleik og trim i neste veke

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. januar 2018

Todalen Idrettslag har registrert etterspørsel etter trimaktivitetar og balleik. Tysdag den 9. januar startar laget med balleik i gymsalen i skulen.  For dei aller minste og opp til 3. klasse kl. 17.30-19.00, 4. klasse og oppover startar kl. 19.00, og om det er interesse blir det gubbe-/kjerringtrim frå kl. 20.00 og utover.

Dette blir eit lågterskeltilbod der foreldra sjølv må vise interesse. Låseansvar kjem til å gå litt på rundgang etter som kven som har anledning. Tidene for aldersgruppene kan eventuelt justerast etter kvart. Den første gruppa startar såpass tidleg for at alle i barnehagealder og kan bli med.  

Publisert: 6. januar 2018, 12:53