Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar aksjon for innsamling av skrapmetall

Jon Olav Ørsal Mandag 22. mai 2017

Surnadal kommune, Retura og Hamos dreg i gang ein aksjon for å samle inn skrapmetall i heile Surnadal kommune. Dette blir som eit spleiselag, der kommunen tek dei ekstra kostnadane med transport og utplassering av containarar den veka aksjonen pågår. Levering av skrapmetall er gratis elles også, dersom du leverer på stasjonen til Hamos, men unden denne aksjonen blir det altså gratis henting. Målet er å hente inn minst 15. tonn med skrapjern i denne aksjonen – men gjerne meir.

Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som hadde fått ideen til aksjonen. Ho ferdast mykje i skog og mark, og har sett at det er mykje ting og tang av metall som lig og sleng i naturen. Dette tennte administrasjonen i kommunen på og dermed begynte ballen og rull – og vart altså til eit spleiselag mellom Surnadal kommune, Retura og Hamos. I tillegg samarbeider bondelaga i Todalen og Surnadal tett med dette opplegget, så no er det tid for å sjekke om det finns skrapmetall av alle slag rundt ekkerkantan, og i skog og mark. Hugs berre at skrapmetallet skal være utan væske eller dekk.

Aksjonen er delt på to veker – den første veka er det Bøfjorden, Bæverfjorden, Årnes og Øvre Surnadal/Mo som får utplassert kontainarar – det skjer i veke 22 (29. mai til 2. juni). I veke 23 (tysdag 6 til 11. juni) er det Torvik, Kvanne/Stangvik, Østbødalen/Eidet og Todalen som får utplassert kontainarar. I nedre Surnadal er det ikkje sett ut nokon kontainer, for her blir det lettvintast å levere direkte til Hamos-stasjonen i Industrivegen.

Her i Todalen blir kontainaren ståande ved SIAS-bygget, og det er Arne Gjeldnes som blir kontaktperson dersom du treng hjelp eller råd i samband med leveringa – og som sagt er altså leveringa gratis. Gratis er det også å levere skrapmetall resten av året, men da må du levere på stasjonen til Hamos i Surnadal, eller så må du betale frakta sjølv. I dette «spleiselaget» er det altså Hamos som tek i mot metallet, medan Retura sørger for transport og utsetting av kontainarar og Surnadal kommune som dekkjer meirkostnadane. På Kvanne står containaren ved kvande og Nordvik Møbelfabrikk og på Eidet er den plassert i Østbødalen hos Ståle Reiten

Publisert: 22. mai 2017, 11:11