Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rododendronblomstring  i  startfasen

Rododendronblomstring i startfasen

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. mai 2012

Laurdag var det sesongstart i Svinviks arboret. Da todalen.no var innom tidlig på ettermiddagen var det regnbyger, men det var fleire som trossa vêret og tok turen til arboretet for å sjå rododendronblomstringa som enno er i startfasen. Dord Kjersti Mogstad som er fagleg ansvarleg for arboretet fortel at dei no ventar på varmen, slik at det blir sett fortgang på blomstringa. Det står fleire hunde sortar med rododendronbusker, med knoppar som er klare til å springa ut. Så når varmen kjem så vil det bli nerast ein eksplosjon i blomstringa.

Elles er dei i full gang med kafeteriedrifta, og laurdag var det nok dei fleste som tok turen innom for å få ein varm kaffekopp etter runden i arboretet. På kafeteriaen er det Maja og Marit frønes som råder grunnen. Det tryllar fram lekre kaker som serveres til kaffen, så det er verdt å ta turen innom dem.

Dordi Kjersti fortel også at det i år er ein natursti for dei aller minste. Her er det spørsmål om arboretet og plantene har som dominerer, og det er litt jakt og spenning i å finna postane og sjå om ein klarar å finne svar på spørsmåla. Det er også skuleklassar som er innom på besøk no i vårdagane, og da får elevane bryna seg på «arboret-Quiz», fortel Mogstad. Skuleklassar er ein av tingane ho kunne tenkt seg å satse meir på, for ho opplever at elevane utviser eit enormt engasjment når det får være med og prøve ting i praksis når dei er i arboretet.

I galleriet nedafor finn du nokre bildeglimt frå opningsdagen i Svinviks arboret.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. mai 2012, 14:29