Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Starta jakta med elgfall

Starta jakta med elgfall

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. september 2013

Jaktlaget på sørsida av bygda starta årets hjort- og elgjakt i dag. Dei fekk utteljing alt på første jaginga, da det fall ein liten elgokse for posten på Raudåhjellå. Vi har fått bilde tilsendt og kan her vise stolte jegrar med årets første elg. Tidlegare er det berre Talgø og Kårvatn jaktlag som har vore i aksjon, og dei har felt fleire hjortar som vi har vist på Todalen.no.

Vi håpar at fleire sender oss jaktbilde, med eller utan bytte. Vi har mykje flott natur som det går an å vise fram for lesarane på Todalen.no.

Bilder frå starten av jakta for jaktlaget på Sørsida (Bruset/Øya/Ørsal/Halset)  Alle foto: Kristen Bruset

Publisert: 14. september 2013, 11:30