Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Start  4H  med  fest  og  utstilling

Start 4H med fest og utstilling

Jon Olav Ørsal Måndag 1. november 2010

Søndag kveld var tida komen for å runde av årets 4H-sesong med haustfest og utstilling i Todalen oppvekstsenter. Det har nok vore arbeidd hardt den siste tida for å få alt ferdig. Men dei må ha arbeidd godt, for Torill Sannes frå Møre og Romsdal 4H var raus til å gi ros. Ho tykte det val veldig fine utstillingar, og spesielt var ho imponert over at heile 10 av dei fullførte prosjekta var gjort av aspirantar.

Til haustfesta hadde medlemane både laga program som vart vist, og dei hadde sjølve baka ein del av kaffebrøda som vart servert denne kvelden. Endre Talgø viste ein bildekavalkade frå aktivitetane siste året, og det viste at aktiviteten har vore stor. Spesielt kan nemast at laget har starta fritidsklubb i klubblokala på Bordholmen, der det drives ymse slag spel og aktivtetar ein kvel i veka.

Vidare var det som sagt vist skjetsar frå scena og det var delt ut nåler, skjeier og andre utmerkelsar. Alle aspirantane fikk kvar sin 4H-ryggsekk for innsatsen. Torill Sannes orienterte om arbidet i 4H og fortalte at det neste år er stort jubileum i 4H. Norge 4H blir nemleg 75 år, og skal i det høvet ta del i eit stor vassprosjekt for fattige born i Sierra Leone. Ho håpa at også Start 4H ville ta del i dette.

Til slutt var det kaffeservering og loddsalg, og iherdige loddselgarar sørga for at det kom nokre kroner inn i klubbkassa til Start 4H før det vart runda av med trekning av mange flotte gevinstar.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra 4H-festa i Todalen oppvekstsenter.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. november 2010, 05:00 - Sist oppdatert: 31. oktober 2010, 23:00